Kommunale investeringar
Fitjar formannskap gav i sitt møte på fredag rådmannen fullmakt til å gjennomføre ei del mindre investeringar.
Bakgrunnen er budsjettvedtaket (81/15) om investeringar for kr 38. 742.000,- Investeringar som skal finansierast med nytt lån på kr 37 175 000,-, tilskot på kr 1.060.000 og bruk av eigenkapital/sal av anleggsmidlar på kr 507 000.
Fleire av investeringane frå 2015 vart ikkje fullført i løpet av rekneskapsåret. Desse vil ein kome tilbake til i samband av revidering av 2015 budsjettet.
Dei største investeringane vil bli fremja som eigne saker når dei er utgreidde og klare til vedtak.
Dei mindre investeringane rådmannen ville ha fullmakt til å iverksette er:
Prosjekt |
Ramme |
IKT administrasjon |
280.000,- |
Oppgradering Agresso |
250.000,- |
Eigenkapitaltilskot KLP |
507.000,- |
IKT skule |
380.000,-
|
Inventar skule |
150.000,- |
Utstyr kjøken FBB |
150.000,- |
Inventar FBB |
100.000,- |
Trafikksikring – port/ballnett Øvrebygda skule |
100.000,- |
Kjøken Havnahuset |
200.000,- |
Reguleringsplan Håkonar Næringspark |
400.000,- |
Beredskapsbåt (Friluftsrådet) |
325.000,- |
Veg Dalen |
200.000,- |
Overordna VA-plan, nybygg og vedlikehald – sjølvkost |
150.000,- |
Div. småanlegg vass |
250.000,- |
Avlaup småanlegg |
250.000,- |
Plan for arealbruk gravplassen |
100.000,- |
Sum |
3.792.000,- |
Eigenkapitalinnskotet i KLP er føresett finansiert av eigenkapital / sal av anleggsmidlar.
Nye investeringar er føresett finansiert av nytt låneopptak i 2016.
Samrøystes vedtak:
Formannskapet gjev Rådmannen løyve til å setja i verk nye investeringar innanfor den skisserte ramma på kr 3.792.000,-.