Flott 2. plass i halvmaraton 

 

Nina Aarbø Olsen. Her i Midtfjelløpet. Arkivfoto: FP/HCH

Nina Aarbø Olsen sprang inn til ein flott 2. plass under Maratonkarusellen i Fana i går.

– Med tida 1:36.35 under maratonkarusellen på Fana 23.01. persa ho xeg med over tre minutt, og vart altså nummer to i konkurranse med 32 andre fullførande damer på den 21097,5 m lange distansen, skriv Bård Inge Bø til fitjarposten.no.

Mannen, Johannes Olsen, sprang inn til tida 1:33.50 og fekk 20.plass blant 79 fullførande mannfolk.

Roar Pedersen vart nummer 39 med tida 1:44.22, i same løp.