Bortvising og bilhærverk

 

Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Ein mann vart bortvist frå Fitjar sentrum og ein annan gjorde hærverk på ein politibil. Det står å lese i nattas twittermeldingar frå politiet.

– Mannen som vart vist vekk var full og aggressiv, men fekk ein sjanse av politiet til å sleppe vidare forfølging av saka om han kom seg heim og heldt seg vekke frå sentrum, noko der ser ut til at han godtok.

Mannen som skada ein politibil kan vente seg å måtte betale dyrt for skadeverket.

– I slike saker må vedkommande gjera opp for skade på fellesskapets bil. Han vil difor ikkje få nokon bot av oss i dag, då me først må finna ut kva kostnader det er snakk om. Det kjem nok til å bli svært dyrt for han, om ein tek med reparasjonskostnadene også, seier operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan til sunnhordland.no.

Utne-Reitan understrekar samstundes at sjølv om det var svært mange menneske i setrum i høve konserten med Vassendgutane, var det ikkje spesielle problem knytt til konsertstaden i natt.