Møtte fansen heime

Stor stemning under konserten med Vassendgutane i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Vassendgutane trekte eit publikum på 750 til Fitjar Kultur-og Idrettsbygg i kveld. Og så langt fitjarposten kunne lodde stemninga, fekk dei akkurat det dei kom for å høyre.

Og publikum kom frå alle kantar, i alle fall frå Rogaland i sør til Bergen i nord. Vassendgutane har tydelegvis mange blodfans.

Me snakka med tre av dei. Torstein Ljones frå Bergen og Ingar Moen og Helge Haver frå Rogaland.
Rogalendingane syntest slett ikkje det var for langt å ta turen til Fitjar for å få høyre favorittgruppa si, og bergensaren kunne fortelje at han gjekk på alle Vassendgutane sine konsertar i Hordaland.

Så spelar dei òg drivande god country, og for dei som likar countrymusikk i denne settinga, vart det nok ein super kveld.

Vassendgutane. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ikkje mange arrangement i Fitjar kan skilte med publikumstal på mellom sju og åtte hundre, så Idrettsbyggleiar og arrangør Ole Bergesen har all grunn til å vere nøgd med kvelden. 

Ole Bergesen under kveldens konsert. Foto. Håkon C. Hartvedt