Ein glimrande forteljar på temakveld i Fitjar kyrkje

Inge Eidsvåg.

Det skriv Eli Simonsen i ei pressemelding, og han som kjem førstkomande torsdag er Inge Eidsvåg.

Inge Eidsvåg er cand.phil med historie grunnfag. Han har vore lærar i grunnskulen, ved Ringve gymnas og ved Nansenskulen på Lillehammer. Der var han også rektor i mange år. No er han forfattar og foredragshaldar, men framleis med tilknytning til Nansenskolen.

Inge Eidsvåg er ein aktiv bidragsytar til bøker, tidsskrift, aviser og NRK. Han har redigert seks essaysamlingar og har sjølv skrive ei rekkje bøker. Siste boka har tittelen «Underveis. Vandringer i et landskap mellom tro og tvil.» Det er dette temaet han vil snakke om i Fitjar Kyrkje 28.januar. Boka har fått svært gode kritikkar. Olav Egil Aune i Vårt Land seier «Nydelig gjort, Inge Eidsvåg er en glimrende forteller».

Vidare har Inge Eidsvåg fått «Brobyggerprisen» for sitt arbeid med å skapa forståing mellom menneske med ulik religion og livssyn, og han fekk Kulturprisen for Gudbrandsdalen i 1997. I 2005 fekk han Blanche Majors forsoningspris «for sitt dialogarbeid for demokrati, menneskerettar og fredelg konfliktløysing på Balkan».

Han var også den første som i 2013 mottok «Dialogprisen» fra Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn.

– Me ser fram til å høyra ein av Noreg sine beste formidlarar!!, skriv Simonsen, til slutt.