Kommunen vil selja eigedomar

Her, tvers over vegen frå Fitjar Idrettspark, finn me Fitjarstølane Nord. No vil kommunen selje. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar formannskap gjekk i møte i går inn for å selje eigedomar i Fitjarstølane Nord og Vestbøstad for å frigjere kapital som kan utvikla bygda vidare.

Bakgrunnen for det heile er tidlegare vedtekne føringar til budsjettet. Den eine handlar om å opprette eit eigedomsselskap. Den andre om å tilretteleggje tomter for førstegongsetablerarar. 

Føringane i budsjettet har slik ordlyd:

a) «Me vil i 2016 selje kommunens tomteområder på Vestbøstad og i Fitjarstølane Nord og frigjera kapital. Inntektene frå salet skal inngå i langtidsbudsjettet og vera med å utvikle bygda vår og styrke ho for ettertida.  Me vil arbeida aktivt med mellom anna sentrumsutvikling, molo, mobildekning ol. Andre prosjekt kan vera nedbetaling av lån FKIB. Me ynskjer å etablere eit eige selskap, i kommunal regi, som skal ivareta dette området. Slik at desse kapitalinntektene ikkje blir ein del av den totale kommunale drifta, men likevel fremmar fellesskapet sine interesser. 

b) «Fitjar kommune og eventuelt i lag med private aktørar bør leggja til rette tomtar for småhusvære/eventuelt tomannsbustader for føregongsetablerarar slik at denne aldersgruppa lettare kan koma seg inn på bustadmarknaden…

Sak b vart det ikkje gjort meir med i denne samanhengen anna eit at ein skal jobbe vidare med den saka. Me siterer difor ikkje heile føringa til den saka. Men sal om eigedomane tok ein altså stilling til.

Tomteområdet Fitjarstølane Nord
Dette er hovudsakeleg eigd av kommunen. Det er på festa grunn med knappe 60 års resterande festetid. Ein mindre del mot vest er eigd av Tore Sigurd Fitjar på eigen grunn.
Feltet er ferdig regulert og det er definert planar for vegutløysing, men ikkje andre tekniske føresetnader. Det er likevel antatt feltet kan koblast på eksisterande VA-anlegg utan særlege utfordringar. 


Området på Vestbøstad er ikkje noko klart definert bustadfelt. Omradet er eit restområde som ligg i reguleringsplanen for Vestbøstad I, som er ein gamal plan. Det omfattar eit regulert naustområde, samt ein del moglege bustadtomtar. 

Vedtak: (Samrøystes)
Opprinneleg framlegg:

Formannskapet legg til grunn til at tomteområdet i Fitjarstølane nord vert lagt ut for sal så snart dette er praktisk mogeleg. Det vert å inngå eit samarbeid med Tore Sigurd Fitjar slik at heile feltet kan seljast under eitt.  

Formannskapet ber administrasjonen å sjå vidare på planar og avtaletilhøva kring restområdet på Vestbøstad med sikte på at dette blir lagt ut på sal så snart det er klart. 

Føring om rimelege tomtar vert sett bort frå, for desse to områda.

Etter framlegg frå Agnar Aarskog (A) vart det heile vedteke med følgjande tillegg:

Fitjar kommune skal jobba vidare med spørsmålet om rimelege tomtar til førstegongsetablerarar.