Digital post frå kommunen
No kan du opprette digital postkasse og få post frå kommunen på ein meir miljøvenleg måte.
– Fitjar kommune vil gradvis gå over til å senda brev til innbyggjarane via Digital postkasse. Brev til verksemder og organisasjonar vil bli sendt via Altinn.
Skaffar du deg digital postkasse hos Digipost eller e-Boks, vi du sjå at stadig fleire offentlege verksemder sender post der. Då treng du berre å halda deg til éin felles digital postkasse frå det offentlege. Dessutan får du posten din raskare fordi du slepp å venta på postgangen, posten blir lagra på ein og same stad og me sparar miljøet, heiter det på kommunen si nettside.
Les heile saka her.