Fredagskveld på bedehuset

 

Koret. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange er dei ikkje i koret som øvar på Fitjar bedehus om fredagskveldane, men fint syng dei. Eige band og teknikarar har dei òg. Men dei vil gjerne bli fleire.

Når fitjarposten.no stikk hovudet innom køyrer dirigent Guro Rimmereid i gang med eit par friske gospelsongar medan bandet med Tor Haakon Aarbø (tangent) og Tobias Vestbøstad (trommer) og Dagfinn Brekke på bass, syt for å halde trykket oppe. Det er tydeleg at ungdommane likar dette. Til vanleg er Ole Andreas Stokken òg med i bandet på el. gitar, men han er ikkje til stades denne kvelden.

Bandet. F.v. Dagfinn Brekke, Tobias Vestbøstad og Tor Haakon Aarbø. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ved mixebordet kontrollerer Mads Mikal Skumsnes Drønen lyden, assistert av Sindre Aarbø som har lang erfaring med spakane. Han begynte tidleg han òg. Foto: Håkon C. Hartvedt

Samarbeid mellom kyrkja og bedehuset
Opplegget for fredagskveldane er noko kyrkja og bedehuset er saman om. Etter korøvinga som varer frå kl 19.00 -21.00 er det tentreff i ope-hus-stil.

På aktivitetskartet der finn med servering (varierer mellom pizza, lasagne, hamburgar, taco…), playstation, airhockey, bordtennis, biljard og andakt. Opplegget følgjer stort sett skuleruta.

I leiargruppa for arrangementet finn me Johannes Olsen, Steinar Vik, Dagfinn Brekke, Guro Rimmereid, Karen Sætre, Karine Lillenes, Sindre Aarbø og Eli Sigrun Wiik.