Vil verna om akuttkirurgien ved Stord sjukehus

Stord sjukehus. Foto: Håkon C. Hartvedt

KrF-leiar Knut Arild Hareide seier til dagens utgåve Bladet Sunnhordland at han krev at Stord sjukehus vert stroke frå lista over sjukehus som kan miste akuttkirurgien i samband med stortingshandsaminga av saka.

Då helseminister Bent Høie var på Stord i førre veke peika han vel i same lei då han sa at framlegget der sjukehusa Stord, Narvik, Lofoten, Volda og Flekkefjord skal mista akuttkirugien berre er scenario. 

Men Høie ønskjer at ein berre skal ta stilling til den overordna planen under stortingshandsaminga i mars. 

Hareide vil  ha Stord vekk frå denne kuttlista alt no.

 – Stord er på ei liste som gjer at det er uvisse om sjukehuset. KrF vil krevje at den uvissa skal bort i samband med handsaminga i Stortinget, sa Hareide til dei sjuekehustilsette. 

Les fyldig og god reportasje om saka i Sunnhordland.