Nytt forhandlingsmøte om kommunereform

 Rådmann Atle Tornes (i midten) og ordførar Wenche Tislevoll (t.h.) skal saman med resten av Fitjar sitt forhandlingsutval ha drøftingar med Stord i kveld. Arkivfoto/FP.

 I kveld vert det nytt forhandlingsmøte om eventuell kommunesamanslåing mellom Stord og Fitjar. Det andre i rekkja.

Ordførar Wenche Tislevoll kan ikkje seie så mykje om dette på førehand, anna enn at det er forhandlingsutvala i kvar kommune som skal møtast. Denne gongen på Fitjar.

I forhandlingsutvalet for Fitjar sit: Ordførar Wenche Tislevoll, varaordførar Agnar Aarskog, rådmann Atle Tornes og tillitsvalt Katrin Ankervold.