Mindfulness og meditasjon

Kursdeltakar frå førre kurs hausten 2015 på oppfølgingssamling i meditasjon. F.v. Wendel Marie Sævdal, Marianne Ytrearne, Ingunn Raunholm, Gyri Nysæther, Hrafn Thorsteinsson og Håkon Frode Særstein. Foto: Privat

Denne våren vert det halde to kurs i personleg utvikling i Galleri Losjen: «Mindfulness livsstil» og «Mindfullness meditasjon – stressmeistring i kvardagen». 

– Først ut er «Mindfull livsstil  23. og 24. januar. Kursleiar Gyri Nysæter har som utgangspunkt  at alle har mulegheit til å lære og utvikle seg, og at hennar rolle er å leggje til rette den informasjonen, motivasjonen og støtta som skal til for at kursdeltkarane skal nå sine læringsmål.

Målet med dette kurset er å få kunnskap og motivasjon til å leva sunt. Her vil ein læra om kroppen sine behov, både I form av ernæring, aktivitet og kvile. I tillegg vil ein jobba med den mentale biten, som gjerne er hinderet for mange når det gjeld livsstilsutfordringar. Kurset vil settast opp som ein workshop, så dette blir ei helg med både teori og aktivitetar, heiter det i ei pressemelding om saka.

Her kan me vidare lese om «Mindfullness meditasjon – stressmestring i kvardagen».
Dette er eit kurs som går over 2 helger: 2. og 3. april, og 16. og 17. april. Kurshaldar Håkon Frode Særsten har praktisert mindfullness sidan 1977.  
Han seier at mindfulness er  å ta ansvar for livet sitt ved å trena på å velje kva ein skal retta merksemda mot. Metoden har god effekt  til  dømes om ein ynskjer  ein meir effektiv og målretta arbeidssituasjon , men òg eit betre privatliv for dei fleste.

Metoden skal hjelpa til med å sortera tankar.  Denne metoden er meir og meir populær blant leiarar og har vore aukande trend generelt i arbeidslivet både  i USA og i Europa. Forskinga er nærast eintydig – på individuelt nivå fører mindfulness til mindre stress, betre søvn og konsentrasjon.

Ein kan få meir informasjon om kurs på www.pervitam.no

 

 Gyri Nysæter og Håkon Frode Særsten på oppfølgingsamling for Mindfullness meditasjon tysdag i forige veke. Foto: Privat