Kunstnaren Kirsti Willemse var med på seremonien og fortalte litt frå arbeidet med å skapa verket. Foto: Arne Vestbøstad

 

Willemse-verket overlevert

 

Tysdag blei siste hand på verket med å oppgradera Rimbareid skule gjennomført, då kunstverket «Passasje» av Kirsti Willemse blei formelt overlevert frå Engevik & Tislevoll til skulen.

Verket er eit bestillingsverk til skulen og skuleeigaren Fitjar kommune, frå entreprenøren Engevik & Tislevoll, og er laga av utflytta fitjarbu Kirsti Willemse. Rektor Bjørn Haaland var stolt over gåva skulen no har fått, og ekstra kjekt syntest han det var at ein tidlegare elev ved skulen, som no er profesjonell kunstnar, kunne bidra med ein av prikkane over i-ane på den «nye» skulen. Det heile blei markert med samling i amfiet på skulen i starten av fjerde time, med representantar frå Engevik & Tislevoll, ordførar Wenche Tislevoll og skulesjef John Karsten Raunholm til stades.

Verket er vevd i ull og er inspirert av ein fotgjengarovergang. Willemse fortel at den kan representera fleire ting. Det kan symbolisera dei overgangane ein har i livet, med å byrja på skulen, og at den fører elevane framover og vidare ut frå skulen. Men det er lagt fleire ting inn i verket som er opne for tolking.

 

Det var mange som tok seg tid til å diskutera og sjå nærare på utsmykkinga då seremonien i amfiet var over. Foto: Arne Vestbøstad

 Då Willemse seinare takka Engevik og Tislevoll for tilliten dei hadde synt ho, med å gje ho dette utsmykkingsoppdraget, var Maj Engevik og Reidar Gloppen frå bedrifta raske til å kvittera med at den tilliten hadde ho vist seg verdig med dette verket som såg ut til å fengja elevane, etter at seremonien var over.

 

Det høyer med å ha noko sprudlande i glaset, denne gongen brus i friske fargar, når det er snakk om høgtidlege seremoniar. Foto: Arne Vestbøstad