Hordaland Bygdekvinnelag med bygdestreif på Fitjar

 Karvel Strømme skal kåsere om poteta og potetfarten når bygdekvinnene samlast til bygdestreif i Fitjar i februar. Arkivfoto: FP/HCH

Hordaland Bygdekvinnelag arrangerer to streif rundt om i fylket kvart år. I år vert det bygdestreif på Fitjar med fagleg og sosialt samvær.

I ei pressemelding om saka kan vi lese at det heile skjer 13. februar, og at det vert program både i Kulturhuset og i Peraløo.

I Kulturhuset vil Grethe Brundtland ta oss med inn i Norges Bygdekvinnelag sitt  prosjekt «Bygda i bevegelse».  Brundtland er sentralstyremedlem i Norges Bygdekvinnelag og leiar i Omvikdalen Bygdekvinnelag.

Men fylkeslaget har òg henta inn lokale medspelarar.
I Kulturhuset skal Karvel Strømme vise filmen og kåsere om Potetfarten Fitjar-Bergen, og gjev òg tilhøyrarane historikk om poteta si historie.

Turen går så til Peraløo der det vert servert rømmegraut eller risgraut, og  kaffi. Innehavarane av Peralø, Lilli Ann og Per Drønen fekk som kjent Fitjar kommune sin kulturpris på bakgrunn av drifta av Peraløo og kulturformidlingar der.

Her vil deltakarane få høyra nytt frå fylkesstyret i Hordaland Bygdekvinnelag, og Bjørg Strømme som har vore med Hordaland Bondelag til Romania, vil fortelje frå ein spanande tur.

Møta er opne for alle.

Bjørg Strømme skal fortelje frå turen ho hadde til Romania. Arkivfoto: FP/HCH