Ungdommar set seg inn i flyktningeproblematikken. 

 

Frå debatten i 10. klasse på Rimbareid skule. Foto: Silje Vågen Torbjørnsen

Ved å arrangere møte mellom forfattar Simon Stranger og elevar i ungdomsskulen førstkommande onsdag og torsdag vil Fitjar  folkebibliotek og Stord folkebibliotek setja fokus på flykningesituasjonen.

Simon Stranger er ein politisk engasjert forfattar og har skrive bøker for ungdom om båtflyktningar og papirlause. 

10 klassane ved Rimbareid skule, 9.klassar ved Nordbygda ungdomsskule og ein 10.klasse ved Nysæter ungdomsskule har lese bøkene hans «Basarhk» og «De som ikke finnes» på førehand.

Debatt
I tillegg har journalist i Framtida.no Svein Olav Langåker vore i klassane og informert ungdomane om flyktningesituasjonen i dag.  Elevane har også fått opplæring i debatt og i etterkant gjennomført ein debatt i klassane kring temaet. Prosjektet er støtta av «Fritt ord».

Frå debatten på Rimbareid skule. Foto: Silje Vågen Torbjørnsen.