Koftekveld og kofteutstilling

 

Leiar i Fitjar Husflidslag, Petra Espevoll, og bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen går saman om kofteutstilling på biblioteket. Foto: Håkon C. Hartvedt

29. og 30. januar vil det bli utstiling av kofter på Fitjar folkebibliotek, og  laurdag 30.1. vert det foredrag om same tema på same plassen.

Det heile skjer i samband med ei «kofteturné» i Sunnhordland. Det er journalist og forograf Liv J. Sandvik Jocobsen som står for foredraget, og utanom Fitjar skal ho vitje Etne, Sveio, Bømlo, Kvinnherad og Stord.

Saman med strikkedesignar Lene Holme Samsøe har Sandvik laga Kofteboken og Kofteboken 2.
Kofteboken 2 kom hausten 2015, og er med andre ord ei rykande fersk bok. Bøkene er elles eit resultat av den store koftejakten som starta med bilete av kofter på bloggen til Liv :
Livs Lyst http://ljo-s.blogspot.no/ og resulterte i at gamle kofter vart funne fram og nye vart til. Ein del av desse mønstra finn ein i dei to koftebøkene.  

Turneen er ein del av prosjektet «8 bibliotek – 8 turnear» som har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket. 

Utstilling
I samband med koftekvelden vil Fitjar folkebibliotek og Fitjar Husflidlag lage ei utstilling. 

– Så har du kofter? Gamle eller nye, fillete eller heile? Det hadde vore fint å fått vist dei fram på ei utstilling som er open 29. januar frå kl.17-21 og 30.januar frå kl.16-20 i samband med Koftekvelden, spør dei to.  Fitjar husflidlag og biblioteket er også interessert i gamle kofteoppskrifter.

Kan du bidra til utstillinga, leverer du koftene (på kleshenger) innan onsdag 27.januar kl. 13 til biblioteket. Hugs å merke koftene med namn og telefonnummer. 

Kontaktperson er Silje Vågen Torbjørnsen, Fitjar folkebibliotek. Mobil:  41162815 E-post: biblioteket@fitjar.kommune.no  Tlf: 53458513