I min Fars hus

Kyrkjelydspedagog Johannes Olsen og sokneprest Olav Oma hadde ein god dialog over dagens tekst. Foto: Håkon C. Hartvedt

Overskrifta var tema for dagens gudsteneste i Fitjar kyrkje som samstundes markerte starten på konfirmantåret 2016/2017.

Sokneprest Olav Oma og kyrkjelydspedagog Johannes Olsen møtte konfirmantane med ein dialog over dagens tekst som handla om «Jesus som 12 åring i templet».

På ein god måte levandegjorde og aktualiserte dei teksten til dagens situasjon. Slik gav dei konfirmantane ei bøn, von og utfordring med på vegen –  om at dei må finne det godt å vere i Fars hus.

Og etter det me kunne observere var konfirmantane godt med i det som vart sagt.

Kantor Jan Oververweg avslutta gudstenesta med eit svært friskt og spennande postludium.

Konfirmantane på veg inn i kyrkja i prosesjon. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Etter gudstenesta var det foreldremøte for konfirmantar og foreldre i kyrkja.