Grasrotandel gjev gode midlar

Fleire lag- og organisasjonar i Fitjar fekk gode pengar frå Norsk Tipping sin grasrotandel i 2015.

Grasrotandelen vart lansert 1. mars 2009.  Dette er ei ordning som gjer det muleg for spelarar hos Norsk Tipping å gi fem prosent av spelinnsatsen direkte til eit lag eller ei foreining. Grasrotandelen gjeld for alle spela til Norsk Tipping, bortsett frå fysiske Flax-lodd, Extra og Belago. For spelene Multix og Instaspill er Grasrotandelen 10 % av spillinnsatsen etter frådrag for gevinstar.

Vår medarbeidar Arne Vestbøstad har henta ut desse tala som gjeld Fitjar:

NASJONALFORENINGEN STORD FITJAR   kr 188,00
FITJAR FRIVILLIGSENTRAL STIFTINGA 49 kr 14 259,85
SUNNHORDLAND PADLEKLUBB 5 kr 828,75
FITJAR SHOTOKAN KARATEKLUBB 24 kr 5 745,46
FITJAR IDRETTSLAG 225 kr 72 936,33
FITJAR SKYTTERLAG 72 kr 23 101,52
NASJONALFORENINGEN STORD FITJAR 4 kr 76,50
FITJAR VETERANBIL KLUBB 21 kr 7 266,92
NFU STORD FITJAR 6 kr 703,70
FITJAR MUSIKKLAG 27 kr 9 929,11
FITJAR SKULEKORPS 79 kr 20 877,87
CORONA 9 kr 1 285,50
DÅFJORDEN VELFORENING 17 kr 4 793,81
ØVREBYGDA 4H 3 kr 495,58
FITJAR SENIORSENTER 14 kr 7 256,36
 
 
Dette er tala for heile 2015.

—