100 år sidan Bergensbrannen

I dag er det 100 år sidan Bergensbrannen som starta i ein sjøbu ved Muren i Bergen. Collage: Oscar ihlebæk, frå boka «Bergen brenner».

Sjølv om brannkorpset var på veg ut hovudporten berre to minutt etter at brannen vart varsla frå Skansen og ein brannmeldar i Strandgaten, klarte ein ikkje å hindre at 380 bygningar vart lagt i aske i den sterke vinden. Mellom anna slo flammene over Torgallmenningen og tente fyr på den andre sida, og det var så vidt ein klarte å berge sjølve brannstasjonen. 

2700 menneske vart huslause, mellom anna underteikna sin far som hadde hybel i Strandgaten og måtte springe frå alt han eigde. 

Husa på Rådstuplassen var omtrent dei einaste bygningane i Bergen sentrum som ikkje sto i lys lue i løpet av de to dagane brannen herja.

Midt i alt var det berre to menneske som omkom under brannen. Den eine var ein eldre mann som sprang inn igjen i eit brennande hus. Den andre var ein ung mann som ikkje lystra ordre om å halde seg vekke frå ein vegg som til slutt raste over han.

Ei humoristisk historie knytta til brannen fortel at det i ei utanlandsk avis stod følgjande: 

«Storbrann i Bergen i Norge. Nabobyen Haugesund i fare.» 

Eg har høyrt denne i fleire versjonar, at det melllom anna skal ha stått i ei amerikansk og ei tysk avis. Kva som er rett, veit eg ikkje, men eg trur at essensen i historia stemmer.

Sjå spennande biletserie i dagens bt.no