Turlagsprogrammet er klart

Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

– Stord Fitjar turlag, som no tel over 1000 aktive medlemmer, tek ikkje pause om Friluftsåret 2015 er over. Alle år er nemleg friluftsår om ein trivst utandørs i den fagre naturen Stordøy kan tilby, skriv stordnytt.no.

–Turlaget si nettside har fått eit andletsløft og turprogrammet for det komande året er allereie lagt ut. Samstundes vert det meldt om at påmeldingsfunksjonaliteten som er laga på nettsida enno ikkje fungerer som den skal. Dermed må ein framleis melde seg på turane via e-post eller telefon til turleiaren som står ansvarleg for utflukta ein vil vera med på, skriv vår nettkollega i sør.

Programmet for turane finn du her.