Politimeisteren vitja Fitjar

Frå møtet med politimeisteren på Fitjar lensmannskontor i dag. F.v stordlensmann Roald Raunholm, politimeister Hans Vik og fitjarlensmann Svein Lunde. Foto: Håkon C. Hartvedt

Politimester i Sør-Vest politidistrikt, Hans Vik, besøkte i dag Fitjar lensmannskontor. Besøket er ein del av ei rundreise politimeisteren gjennomfører i distriktet for å gjere seg kjent med forholda.

Før han vart tilsett som politimeister i det nye Sør-Vest politidistrikt, var Vik politimeister i Rogaland.

– Som tidlegare politimeister i Rogaland kjenner eg godt til forholda sør i det nye distriktet. No ønskjer eg å bli kjent med folk, og bli orientert om drift av lensmannskontora, samfunn, næring og kriminalitetsbiletet, nord i distriktet òg, seier Vik til fitjarposten.no.

Den nye politimeisteren har god tru på at den nye nærpolitireforma vil vere bra. 

– Sjølv om operasjonssentralen og politimeisteren har sine sentrale kontor i Stavanger er det ikkje slik at heile politistyrken er stasjonert der.
Og med den nye reforma kan me lettare hente inn spesialistar som til dømes kan ta seg av avhøyr av born i overgrepsaker og andre større saker, seier han.

På spørsmål frå fitjarposten.no  om kva responstid ein kan forvente om det skjer noko alvorleg i Fitjar, kan han enno ikkje gje noko tydeleg svar.

– I denne runden ønskjer eg å bli kjent med kommunane og forholda, og så vil me kome tilbake til slike spørsmål, seier han.

Fram til fjerde kvartal i 2017 vil distriktet operere med Sør-Vest politidistrikt Haugesund og Sør-Vest politidistrikt Stavanger, sjølv om det no berre er snakk om eitt politidistrikt, Sør-Vest.

– Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og Rogaland politidistrikt er lagt ned, men skal, i ein interimsperiode frå seks til 12 mnd, driftast som normalt mens den nye organisasjonen blir etablert parallelt.

Det betyr at publikum ikkje vil merke eventuelle endringar i denne perioden. Den einaste plassen det vil bli behov for å bruke namnet Sør-Vest Haugesund/Stavanger er på operasjonssentralene, altså i interimsperioden. Elles er vi eitt distrikt, Sør-Vest, heiter det.

Ved nødsituasjonar skal ein framleis ringje 112.

Politiet sitt telefonnummer når det ikkje er ein nødsituasjon er 02800.