– Kjekt å kunne få jobb på Fitjar

Leiar i Fitjar Næringsråd, Monika Hatlevik og rådgjevar Frøydis Almås har all grunn til å vere nøgd med den lokale utdanningsmessa. Foto: Håkon C. Hartvedt

Da er svært aktuelt og kjekt om ein kan kome tilbake til FItjar om ein tek utdanning ute, og så få jobb i heimbygda. Det meinte fleire av ungdomane me snakka med på den lokale utdanningsmessa i FKIB i går kveld.

Ein av dei er Håkon Sørfonn. Han synte særleg interesse for standen til FMV. Han visste ein del frå før, og har lyst til å gjere noko med hendene. Gjerne i samanheng med båt.

På standen til FMV fekk han god orientering av Nils Andreas Brekke som anbefalte å ta TIP ved Stord vgs først.

– Det gjev gode basiskunnskapar. Men hos oss vil du uansett få full opplæring, sa Brekke til Håkon i 10 A ved Rimbareid skule. 

Jonas Vik som tok delar av runden saman med Håkon går framleis berre i niande, men han seier til fitjarposten.no at han det «vil vere deilig» om han i framtida får jobb i heimbygda.

Håkon Sørfonn og Jonas Vik i samtale med Nils Andreas Brekke frå FMV. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ei jentegjeng med Hannah Oline T. Stokken, Maria Mjønes og Vilde Vestbøstad tek òg runden i foajeen etter samlinga i Kultursalen.
Maria som går i 10.klasse på Nysæther er særleg interessert i fisk og sjøbruk. På standen til Sjøtroll får ho god informasjon, og ho har allereie vore i praksis på Engesund Fiskeoppdrett.

Hannah som går i niande klasse har tankar om å bli politi eller psykolog, og Vilde kan gjerne tenkje seg å leve av å skrive bøker. Men begge desse har eit år til å tenkje seg om på.

Alle skryt dei av opplegget.
– Flott med alle dei lokale som orienterer om kva mogeleigheter det er for å få jobb i heimbygda. Veldig bra, lærerikt og interessant!, let det.

Oline (t.v), Maria og Vilde får god orientering frå Sjøtroll. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det likar leiar i Fitjar Næringsråd, Monika Hatlevik og rådgjevar ved Rimbareid skule, Frøydis Almås, å høyre. Saman står dei for opplegget som etter kvart begynner å bli ein god tradisjon i Fitjar.

Mange vitja standen til Fitjar Kraftlag. Foto: Håkon C. Hartvedt