Fitjar Musikkforening 50 år

Fitjar Musikkforening under jubileumsfesten. Foto: Håkon C. Hartvedt 

Fitjar Musikkforening har runda 50 år. Tysdag kveld markerte dei jubileet med jubileumsfest for noverande og tidlegare medlemer.

Festen vart leia av dirigent Trygve Eiken, og på festmenyen stod det historisk tilbakeblikk, opplesing, lysbilete, andakt, song av Musikkforeningen, der både tidlegare og noverande medlemer var med, og sjølvsagt festmat: Snittar og nydelege kaker.

Frå ei av framføringane under festen. Både tidlegare og noverande medlemer var med. Foto: Håkon C. Hartvedt

Trygve Eiken har vore dirigent dei siste 10 åra, og har gjort ein flott jobb slik at Fitjar Musikkforening framstår som ein svært oppegåande 50-åring i dag.

Det er elles ikkje å ta for hardt i at Lars K. Vik heile tida har vore eit berande element i Fitjar Musikkforeining. Det starta med han, og framleis er han med som pianist.

Julefesten 1965
Det heile begynte eigentleg  med at Lars K. Vik vart kristen i 1965. Han var då allereie kjend både som idrettsmann, revyartist og musikar i store delar av Sunnhordland. Men ved eit høve sa arbeidskameraten Wilhelm Helland til han: -Tenk om du kunne bruke evnene dine for Jesus, Lars !

Dette slo inn, og då Lars gav seg over til Gud, fekk han snart spørsmål frå Nils Vestbøstad og Rasmus Fitjar om han kunne starte ei musikkgruppe i Fitjar sentrum, slik som dei hadde i Øvrebygda.

Lars sa ja til det, og før dei offisielt var starta, song dei på julefesten i gamle Fitjar bedehus i 1965.

Våren 1966 blei det meir fart i sakene, og Fitjar musikkforening vel difor å rekna starten frå 1966.

50 år
No har  Fitjar Musikkforeining vore til i fem tiår. I fire av desse tiåra år var Lars K. Vik dirigent, og Lars K. Vik sine songar, og Fitjar Musikkforening sin musikkstil, har i stor grad har prega bedehusmusikken på heile Vestlandet, samstundes som dei framleis er berarar av den opprinnelege strengemusikkstilen. Det er ikkje så svært mange musikklag igjen som driv på akkurat denne måten.

Etter kvart vart  Fitjar Musikkforening, og mange av Lars sine songar, stamma i Sunnhordlandsmusikken, ei felles musikkforeining der musikklag frå Sveio og Langevåg i sør til Fitjar i nord, er med.

Fellesmusikken har sunge på ei rekkje større arrangement som Bedehusmusikkfestivalen, årsmøte – og andre store arrangement i Indremisjonsforbundet eller Indremisjonssamskipnaden sin regi. 

Av dei som er med no er det berre Lars K. Vik og Nils Vestbøstad som har vore med heile tida.

Utruleg statistikk
Bertine Sætre skreiv i mange år korte notat frå møta musikkforeininga. Desse notata er vidareført etter at ho slutta. Her kan me  mellom anna lese at dei i 1967 opptrådte heile 46 gonger. Og i dei femti åra dei har halde på, har dei delteke på 1 332 møte. Gjennomsnittleg 26-27 møte i året.

Stikkord for Fitjar Musikkforening er elles: svært godt samhald, både sosialt og åndeleg –  kjekke og humørfylte øvingar. Fitjar Musikkforening har òg vore på fleire utanlandsturar.

Tekstane har hele tiden vore berarar av ein sentral bodskap om synd og nåde, kross og himmel, og akkompagnementet har stort sett heile tida bestått av gitar, bass, trekkspel, mandolin og piano. I det siste berre gitar og piano. På jubileumsfesten vart dei forsterka med bass og trekkspel.

F.v. noverande dirigent, Trygve Eiken, Lars K. Vik (Musikkforeningen sin «far» og Nils Vestbøstad som har vore med heile tida, og som òg var pådrivar for å få starta eit musikklag i Fitjar Bedehus. Foto: Håkon C. Hartvedt