10 av 12 for Rimbareidelevane

Dei har grunn til å smile Jakob Mehammer, Rea Mitrovic og Kristian Prestbø som slo til med 11 av 12 retta svar under Klassequiz som nettopp er sendt på NRKP1. Arkivfoto: FP/HCH

Dei tre fekk spørsmål i tre kategoriar: Pengar, Grense og Bru og ligg på 2. plass så langt i konkurransen.

1. Pengar 
Her fekk dei fire av fire rette.

2. Grense
Her fekk dei tre av fire rette.

3. Bru
Her fekk dei òg 3 av fire rette.

Til saman altså 10 rette på 12 spørsmål

Dei var godt nøgd sjølve og syntest dei samarbeidde bra. Det synest me òg.

Fitjarposten gratulerer med godt resultat.