Atheno-kurs for nyetablerar

Astrid K. Steinsland. Arkivfoto: FP/HCH

For dei som går med planar om å starte si eiga verksemd arrangerer Atheno StartOpp-kurs  i samarbeid med fleire av Sunnhordlands-kommunane.

– Me merkar at me er inne i ei tid der mange vurderer å realisere sine idear, fortel dagleg leiar ved Atheno, Astrid K. Steinsland. Ho har sett ei klar trend det siste året. Blant anna er det tydeleg at endringar i arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv gjer at folk tenker nytt.

– Kva må ein tenke på?

– StartOpp-kurset me tilbyr saman med kommunane Tysnes, Bømlo og Fitjar er meint å vera ei kort innføring i kva det er lurt å tenka på når ein skal starte eiga verksemd. Ofte handlar det om å sortera i alle tankane og ideane ein har. Finne ut kven som er potensielle kundar, teste ut om ideen ein har er god nok, og sjå på korleis ein kan dra nytte av det nettverket ein har på ein positiv måte, fortel Steinsland.

Grip sjansen
Steinsland oppmodar alle interesserte som no går med etableringsplanar om å melda seg på StartOpp-kurset.

– Me håpar så mange som mogleg grip sjansen. Sjølv om næringslivet opplever krevjande tider, er dette også ei tid for nye muligheiter for dei som tør å satsa, påpeikar ho.

Forutan tips og råd om oppstart, vil ein på kurset også få høve til å møte ein etablerer som fortel om sine erfaringar.

Ynskjer du meir info om StartOpp-kurset eller Atheno?

Ta gjerne kontakt med Nina Østensjø Borrevik – tel 92 66 07 76, eller dagleg leiar Astrid Kjellevold Steinsland – tel 45 28 99 28 eller e-post: astrid@atheno.no