Lars og Elisabet R. Sæbø leikar seg på isen. Foto: Kjetil Rydland.

Is på Storemyr 52 år etter

Til glede for store og små har isen lagt seg på tjødnar og vasspyttar, og me kjem i hug vinteren 1963 …

Det var ein lang vinter med turrafrost og mykje god skeiseis, etter vêromslag 1. juledag (om ikkje me tek heilt feil …). Ein av dei første plassane isen la seg, var på Storemyr, rett sør for fellesfjøset til Rydland Storfe. Den gongen møttest me håpefulle frå Rydland og Årbø til fredeleg kappestrid, med Knut Johannesen i Squaw Valley for det indre auga.

Derfor var det kjekt å sjå at ungane på garden hadde funne fram til den same isflata, sjølv om bonden sikkert ikkje berre er begeistra for at det legg seg is på bakkane. Dei siste dagane har ungane trassa sødausten og leika seg på den fine isflata.

 
Her stod me i januar 1963, før Johnny Nilsson tok frå Knut Johannesen den legendariske rekorden på 15.46,6 frå Squaw Valley 1960.


Og her stod dei i dag, 52 år etter. F.v. Tomine Haldorsen Helland, Elisabet Rydland Sæbø, Harald Rydland Sæbø og Lars Rydland Sæbø. Foto: Kjetil Rydland.


Også katten David fekk vera med på isen i dag. Foto: Kjetil Rydland.