Harald Rydland Sæbø med årets første lam. Foto: Kjetil Rydland.

Vinterlam på Rydland

På Rydland held sauene fram med å lemma til ukurante tider, og 5. januar kom det eit nytt lam til verda.

Saueeigar Karen Elisabet R. Sæbø fortel at ho stussa over ein svak brekelyd i sauefloren tysdag morgon. Lyden av nyfødt lam høyrer ikkje heime i januar, men det viste seg at sau nr. 513 hadde nedkomme med eit velskapt lam, heilt utanfor sesong. Den travle saueeigaren fortel at den nybakte mora kasta lammet sitt i fjor vinter. Og derfor skulle ho ha komme i brunst i november, slik dei andre sauene gjorde. Men det skjedde ikkje, og no kom altså forklaringa – sauen var allereie med lam!

Kven som er far til det nyfødde lammet, er ikkje heilt klart. Det er i alle høve ikkje ein vaksen vêr, meiner Karen Elisabet, for sauene gjekk ikkje saman med vêrane på det aktuelle tidspunktet. Sauen hadde seg rundt 10. august, og då peikar alt i retning av at det er eit vêrlam født i april i fjor som har vore om seg.

 
Mora ber namnet «Nr. 513», her viser ho stolt fram det tørste lammet. Foto: Kjetil Rydland.


Denne sauen har ikkje fått lam i det siste, for han er ein ver som heiter Sigmund, men han har godt selskap av kaninen Pelle. Foto: Kjetil Rydland.