Kvinnheringar på besøk hos Racingteamet

Laurdag hadde Fitjar Racing Team besøk av ein heil flokk kvinnheringar som har lyst å start med bilcross.

Det var åtte unge og fire ikkje fullt så unge menn frå Amcar Kvinnherad som kom til Rydland på besøk i går. Ungdommane er interesserte i bilcross og crosskart, og held på med å byggja bil. Sigurd André Maraas viste ungdommane rundt i klubblokala som Ole Vidar Helland stiller til rådvelde på Rydland. Her har motorungdom og andre ungdommar i alle aldrar hatt ein samlingsplass i fleire tiår.

Sigurd svarte på spørsmål og orienterte om reglement, kva ein må vera spesielt merksam på når ein byggjer bil osv. Ungdommane følgde spent med på omvisinga rundt i verkstaden, der Fitjar Racing Team har ei heil samling bilar ståande. Dei let set truleg imponera av skrytevideoen som dei fekk sjå frå Fitjar Racing Team sin innsats i sesongen som gjekk.

Til våren reknar kvinnheringane med å stilla på startstreken, når konkurransesesongen kjem i gang i Vikedal. Sigurd André Maraas seier til Fitjarposten at han ser fram til å få nye konkurrentar, og ønskjer dei velkomne i motorsportmiljøet.

 


Dei unge kvinnheringane følgjer spent med når Sigurd André Maraas viser dei rundt i bobla til Oliver A. Matre (i bakgrunnen).


Sondre Røssland Slåke fortograferer med mobiltelefonen for å ta nyttige detaljar med seg heim.