Klovskar og Melen rundt – endeleg!

Etter ei veke med stabil frost, har ungdommen samlast på Vestbøstadtjødno, Risdalstjødno og andre tjødnar, medan dei meir sære har funne vegen til fjells.

Me har hatt fleire dårlege vintrar, og det er snart tre år sidan sist isen bar. Derfor måtte me nytta høvet i dag, trass i ein sur sødaust som kom susande imot frå Stord.

Ikkje uventa var isen trygg på dei fleste vatna i fjellet. Både Botnavatnet og Ytste Sølivatnet kunne skilta med stålis på rundt 15 cm. Kongsskogvatnet og Inste Sølivatnet verka minst like trygge.

Me har tidlegare merka oss at Klovskarvatnet legg seg mykje seinare enn dei andre vatna. Så også i dag. Vatnet var nesten heilt ope, med unnatak av litt is i kvar ende.

For 15 år sidan lanserte me ein teori om at det er sjøorm her, men den har aldri blitt bekrefta. Truleg er forklaringa enklare; det er det djupaste og vassrikaste vatnet i området, og det trengst sikkert mykje meir tid på å kjøla ned vatnet. Som kjent har det ikkje vore mykje frost på førjulsvinteren.

Den skarpe sødausten frå Stord la ein liten dempar på turopplevinga i dag, og me rår ikkje til å følgja i våre fotefar før vinden roar seg. Naturlegvis tar me ikkje ansvar for at isen er trygg, alle går på eige ansvar.

Men det er truleg større fare for å komma til skade ved å gli på dei mange issvullane, og knekka nakken i fallet. Så ingen bør gå åleine i fjellet no.


Utsikt over Botnavatnet mot Litlasåto og Mehammarsåto viser at det er lite snø i fjellet.

 


Utsikt ut over Botnavatnet og havet i vest.


Klovskarvatnet sett frå Kongsskogen.


Klovskarvatnet er nesten isfritt.


Toppen «620 Vidar Larsen» sett frå Kongsskogvatnet.


Steinen i Kongsskogen.


Den utrivelege sødausten frå Stord utover Ytste Sølivatnet freistar ikkje til å gjenta turen i morgon.