Konsert i Fitjar kyrkje

I morgon, søndag 10. januar kl. 17.00 vert det konsert med Stord ungdomskor i Fitjar kyrkje. Foto: Privat

Koret hadde to konsertar med fulle hus i Stord kyrkje og Nysæter kyrkja vesle julaftan.

No syng dei delar av programmet som nyårskonsert i Fitjar kyrkje. Koret vert dirigert av Liv Kari Bru og Tone Heide, og vert akkompagnert på piano av Irene Simonsen.

Fleire av jentene i koret går musikklinja, og ein vil få høyra dei som solistar.

– Konserten er gratis, men det er kollekt ved utgangen, seier kantor Jan Overweg til fitjarposten.no som ønskjer alle velkomen.