Koste seg på isen

 

Koste seg på isen. Framme f.v.: Caroline, Marte (lærar), Silje og Berner. Bak: Jens, Alice, Johannes, Tor Håkon og Jakob. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det var litt rart, men kjempekjekt, sa Jakob Rolfsnes til fitjarposten.no på veg opp frå Vestbøstadtjønnet i ettermiddag. Saman med andre elevar på Rimbareid skule hadde han sin første dag på isen på lang tid.

 For dei fleste var nok rundt to år, kanskje meir sidan sist. Men i dag koste dei seg både elevar frå mellomtrinnet og 8. og 9. klassingar. 10. klasse skal teste skeiseferdigheitene sine.

Elevar i 7. kl. (1) Foto: Anne Helene S. Vestbøstad

 Elevar i 7. kl. (2) Foto: Anne Helene S. Vestbøstad

– Ein fantastisk dag på isen, seier lærar Gunn Evy N. Haaland som har teke biletet ovanfor.

 Pølsegrilling i bålpanne høyrde med. Foto: Anne Helene S. Vestbøstad.