Klare for Klassequiz

Klare for Klassequiz. F.v. Jakob Mehammer, Rea Mitrovic og Kristian Prestbø. Foto: Håkon C. Hartvedt

I dag tidleg starta NRK sin klassequiz 2016 på Gimle skule i Bergen. Tysdag kan du høyre elevar frå Rimbareid i same konkurranse i NRK Hordaland si ettermiddagssending. Truleg mellom kl 14.30 og 15.00. 

På Rimbareid er det elevar frå kl 10B, med Lisbeth Olsen som kontaktlærar, som skal i elden. Og dei tre  elevane som er plukka ut er Jakob Mehammer, Rea Mitrovic og Kristian Prestbø.

– Artig, spennande og lærerikt, seier dei om å få delta i denne konkurransen mellom skulane. 

No øvar dei seg på ulike quiz-ar, og vil òg høyre litt på tidlegare program.

På spørsmål om dei har nokre favorittemne, svarar Jakob naturfag. Rea likar òg godt naturfag, men nemner òg musikk som eit favorittema.

– Sport og matte, seier Kristian.

Under morgonsendinga på tysdag er det Stord ungdomskule som skal testast, så kjem altså Rimbareid tysdag ettermiddag.

Programleiar for begge sendingane på tysdag er Marte Rommetveit. Opptaka skjer på måndag.

– Lukke til seier kontaktlærar Lisbeth Olsen og klasse 10B. Foto: Håkon C. Hartvedt

38 skular i Hordaland
I alt er det 38 skular fra Hordaland som skal kjempe om sigeren i NRK P1s kunnskapskonkurranse, Klassequiz.

På landsbasis snakkar me om 432 skular.

Torsdag 17. mars vert det fylkesfinalar på NRK Hordaland, med sending på radio i NRKP1. Programmet vert dessutan streama på nett.

Laurdag 14. mai er det nasjonal finale som vert sendt direkte på NRK1 TV, med programleder Selda Ekiz.

Klassequizen kan du høyre på NRK P1 kvar tysdag og torsdag, morgon og ettermiddag. Konkurransen vert sendt i opptak, som vert gjort dagen før.