Amcar Kvinnherad vitjar Racingteamet

Fitjar Racing Tem får laurdag besøk frå Kvinnherad. Illustrasjonsfoto: FP-arkiv/K.R.

Det er Amcar Kvinnherad som kjem på besøk.

–Dette er  ein gjeng ungdommer som er interessert i bilcross og crosskart.  Dei held på med å bygge bil og har eit ungdomsprosjekt gåande. Så har litt spørsmål og slikt, seier Sigrud Andre Maraas.

– Dette blir kjekt. Me skal mellom bidra med å fortelje om reglement og slikt, og i tillegg kome med idear og løysin gar i samband med bilbygging, legg han til.

Det heile skjer på Racingteamet sin verkstad på Rydland.