Godt nytt vêrår

Annar Westerheim har sendt oss ein spennande vêrapport som du kan lese nedanfor. Arkivfoto: FP/HCH

Desember månad var ikkje noko unntak vêrmessigg for 2015. Mykje nedbør og vind har prega vêret fram mot årsskiftet.

Her lokalt har det regna 316 mm med nedbør. 4 desember regna  det heile 50 mm. Det var berre fire dager utan regn heile månaden.

Mykje likt 2004
Vêrmessig var desember mykje likt som i 2014, berre 5 dagar utan regn og totalt 288 mm med nedbør.

Florida i Bergen målte 455,8 i år, mot 423,4 i 2014.  Månadsnormalen er på 235 mm. Florida noterte seg også for ny mairekord med 216 mm. Den første rekorden for året kom våren 2015 med solide 2177 mm målt i vinterhalvåret frå 1.oktober 2014 til 31. mars 2015.

For Bergen sin del var det ikkje oppholdsvær frå 19. november 2014 til 20. januar 2015, ein skulle tru at vêret i fram mot jul i 2015 var uslåeleg, men det vart grundig slått i 2014.

Mange vêrrekordar
Bergen og Florida målestasjon har notert mange vêrrekordar i 2015.

Kan først nevna 283 dagar med registrert nedbør i 2015. Den gamle rekorden er frå 1989 med 275 dagar.

Det vart ikkje ny nedbørsrekordm sjølv med 3101,7 mm. Den gamle offisielle nedbørsrekorden var frå 1967 med 3069 mm målt på Fredriksbeg på Nordnes.(Målestasjonen vart  flytta til Florida i 1983). Det er målt 3195 mm på ein målestasjon ved pleiestiftinga i 1921, den overlevde 2015 med 93 mm.

Temperaturrekord

Det er temperaturrekorden med tal på  dagar med maksimum temperatur over 0 grader som ruvar høgast. Her er tidlegare rekordar skikkeleg sett til veggs.

Målingane i Bergen starta heilt tilbake til 8 desember 2013 og stoppa sit måndag 4 januar 2016, alle dagar med maks temperatur over 0 grader C . Sist måndag kom ikkje kvikksølvet over minus 2,1 grader, rekorden stoppa på 257 dagar samanhengande med maks temperatur over på pluss sida. Den gamle rekorden er fra 1975 med 724 dagar, den vart historie med god margin.

 

 

Nyt dei kommande soldagane og det fine vintervêret.

 

Nyttårshelsing fra Annar Westerheim.