Siste nissebesøket denne jula

 

Med nissar og godteposar til ungane, vart jula avslutta for denne gongen.

 

Den etter kvart tradisjonelle juletrefesten i kultur- og idrettsbygget, markerte avsluttinga av seskapsdelen av jula 2015/16.

 

Det var godt med plass for dei som hadde teke turen til festen som Fitjar Frivilligsentral og Fitjar kultur- og idrettsbygg inviterte til. Festlyden fekk servert vakre tonar av Ole André Westerheim og Thea Træet. Det gjorde sitt til at julestemninga ikkje sleppte taket heilt enno.

 

Då Thea Træet song «Jul i Svingen» sat ungane fint og lytta. Foto: Arne Vestbøstad

 

Også talen om «Rikets tilstand», med varaordførar Agnar Aarskog var verdt å få med seg. Særleg appellen han kom med på slutten: Hugs å ta godt vare på kvarandre, og viste til ei sak han hadde lese på Facebook, der det var nokon som hadde ramla i sentrum. Det var fleire som berre hadde gått forbi, utan å hjelpa. Dette syntest Aarskog ikkje var bygda verdig, og oppmoda tilhøyrarane til å bli flinkare til å hjelpa kvarandre.

 

«…og neier, og bukker.» runga ut over hallen. Foto: Arne Vestbøstad

 

Etter trekning, juletregang og nissebesøk, var det tid til å spasera ut i det nye året og gjera det beste ut av moglegheitene som kjem.