Spennande årsmelding frå Seladon og Smedholmen

 

I 2015 var det 35 år med Seladon og 30 år på Smedholmen, og fitjarposten har plukka litt frå årsmeldinga Terje Skorpen og Einar Matre har skrive etter dette året. Foto: Seldadon

Ny mast
– I fleire år har me jobba med med ny stormast og rigg. Heldige var me og fekk litt stønad til dette arbeidet. Me gjorde det på tradisjonellt vis frå me fann treet i skogen. Arbeidet med masta vart litt over ein månad forseinka, me tapte 3 turar, men resten gjekk bra.

Ungdomsprosjektet 2015
vart vidareført, frå å vera «halvegs» som dugnad, til me fekk stønad for dette arbeidet i året 2015. Det har vore kjekt å sjå at nokre av desse ungdomane har hatt glede av det dei har vore med på. Nokre av dei har gått vidare i maritime yrker. I prosjektet har me jobba i lag med representantar frå Kommunane sine ungdomsarbeidarar og SLT koordinatorar. Me hadde kurs og fisketurar med ungdomane heilt ut i november. 

Middelhavet
Våren er og ei tid der me køyrer kurs i segling eller båtførarkurs. Dette gjer me i leigebåt i dei Greske øyar. Oftast er det veke 17 og 18 på våren og 40 og 41 på hausten, men me kan ta andre tider på førespurnad.

Orkenøyane
Vennelaget for Seladon laga ein tur til Orkenøyane for medlemmane, ein fantastisk tur der me fekk oppleva mykje spennande.  Same gruppa var klar til å arrangera «Økologisk seglas» i 2016. Då ville dei segla langs kysten og berre nytta segl slik ein gjorde på gamlemåten.

Sommarseglas og Tysnesfest
Kombinasjonen Tysnesfest og sommarseglas vart ei fin oppleving, litt mange melde seg på, og dei siste valde å få liggja på dekk. Det er no det finaste om det ikkje regnar.

Samarbeid i Skånevik, Haugesund og Hardanger
Me starta og eit nytt samarbeid med Skånevik Fjorhotell og Vilmarksparken, dette er eit prosjekt som vil gje alt frå skular til bedrifter; opplegg der ein får samkøyra grupper i ulike aktivitetar, også kalla «teambuilding», noko som kan høva for dei fleste. 

Barnehagetur og skuleturar 
Samarbeid med Fitjar vidaregåande skule er og ei kjekk oppleving, der me inviterar barnehagar og så lagar Fvgs opplegg på Smedholmen. Rimbareid skule har og faste turar der kystkulturen og segling står på programmet. Me vonar å få laga til fleire turar for elevar i skulen her lokalt.

Einar Matre om bord i Seladon. Foto: Seladon

Planar for 2016

Fisketurar
I frå februar og utover er me klare for å kunna ta fisketurar. Silda sig forhåpentlegvis inn og kanskje storfisk etter den, me får sjå.

Turistinformasjonen i Bergen
var og positive til eit samarbeid, så me skal liggja i Bergen andre veka i juni. Då vert det og muligheit for andre bedrifter, lag og grupper å segle turar på kveldstid. Og så har me fått tilsegn på å delta i Hansadagane og Torgdag i Bergen i slutten av veka. Då ser me og ein muligheit for heimseglas med Sunnhordlendingar.

Ungdomsprosjektet i 2016
2016 blir tredje året på rad med «Vind i Segla», ungdom på veg mot vaksenlivet; for maritimt interessert ungdom og andre. Dette går vidare og det blir forhåpentlegvis mange flotte dagar med segling, fiske, båtførararkurs og sommarseglas. Samt at me utvidar talet på dagar, slik at dei siste fisketurane går kanskje ut i oktober og november, slik som i år. 

Sommarseglasar og opne turar
Vidare vert det sommarseglas og mange dagar for enkeltgrupper og bedrifter til å kunne leige turar med oss.

Middelhavet
For dei som vil segla i varmare strøk har me veke 17 og 18 samt 40 og 41 nede i dei greske øyar. Her tek me påmelding alt no.

I ei lang takkeliste til medhjelparar nemnar dei blant anna Arne Røyrøy som ikkje lenger er iblant oss.

«Så vil me takka medhjelparane våre både dei som har hjelp oss med segling, fiske og markedsføring og i vennelaget: Spesielt Arne Røyrøy som gjekk bort dette året og som har vore ein fantastisk medarbeidar gjennom mange år, ved å ta med elevar ut å gi dei eit innblikk i det å fiske på tradisjonelt og moderne vis. Vidare har han vore med oss ut på fiskebankane der han har arbeidd som fiskar heile livet, berre avbrote av 2 år på Stord Verft, då lengta han «ut» igjen. Arne hadde store kunnskapar om naturen rundt seg, var alltid observant på både fisk, dyr og endringar i havet. Han kunne leggja seg nøyaktig på fiskegrunna berre ved «meda» han såg inn over land. Minnest mange gode stunder når me hadde matpausar, der historiar frå farne tider vart servert. Takk for det gode minne me har etter Arne og den tida me fekk oppleva han».