Godt nyttår!

Så susar nyårsrakettane igjen og Fitjarposten vil takke for følgjet i året som er gått og ønskje alle våre lesarar eit godt nytt år. Foto: Stockphoto

 

2016 vert eit spennande år for Fitjarposten. Nå eksisterer ikkje papirutgåva lenger, berre fitjarposten.no.

Me er allereie i gang med å planlegge korleis oppdateringa skal bli når annonsørar frå papirutgåva skal få plass på nettsida.

Store og dramatiske trur me ikkje endringane vil bli, men me vonar me vil enda opp med ei nettavis som er minst like attraktiv og spennande som den me har no.

Ein del fitjarbuar har gjeve oss gode tankar og idear på vegen, så får me sjå kva me kan få til i lag med webmasteren vår. Den nye sida vil truleg vil vere på plass i løpet av dei første vekene i januar. Framleis tek me gjerne imot idear og innspel.

Målet er uansett at me fortsett skal skape fitjaridentitet, vere eit bindeledd mellom kommune/næringsliv og den einskilde fitjarbu – og framleis skal ingen sak skal vere for liten for fitjarposten.no.