Lokale bøker sel bra

Laila Træet Korsvik med dei tre bøkene som har selt best før jul. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det er godt sal på lokale bøker. Aller best sel «Fitjarminne». Det seier Theodor Træet til fitjarposten.no.

– Men òg «Skråblikk frå Skåtet» og «Fitjarportrett» sel godt. Og både desse bøkene og «Fitjarminne» vil òg ha «eit liv etter jul», legg han til.

Det siste  fekk me stadfesta då me var innom butikken tidlegare i dag. Då møtte me på Roar Pedersen som nettopp var innom for å handle bøker. Og det var ikkje nokon forseinka julepresang.

– Nei, det er bursdagspresang til far min, seier han og fortel at bøker er kjekt å gi til dei som har det meste. Dessutan har far min begynt å lese meir etter at han vart pensjonist, og då er lokale bøker bra, legg han til.

Roar Pedersen synes det er kjekt å gje bøker til dei som har det meste. Foto: Håkon C. Hartvedt