«Fra Fjord og Fjære» frå 25 år sidan

Ein av våre lesarar har gjeve oss i hende juleheftet «Fra Fjord og Fjære» frå 1970. Her er det òg fitjarstoff. Heile heftet er illustrert av Magnus Hardeland. Mellom anna eit dikt av Lidvald Stubhaug. Diktet og illustrasjonen kan du sjå nedanfor. Like aktuelle som for 25 år sidan.

No er det stilt i stova

No er det stilt i stova.
Barna har gått til ro.
Trøytte dei straks fekk sova.
Fredsælt dei drøymer no.

Nyss var her liv i huset,
rørsle med skrik og skrål,
blanda seg og i bruset
gråtande barnemål.

Eg gjekk i mine tankar
driven av arbeidsjag.
Stilt no på døra bankar
anger frå unytta dag.

Barna eg hadde hjå meg
leika med smil om munn,
støyte dei berre frå meg.
Borte er gjestings-stund.

Snart er kje`dagar fleire
fulle av sorglaus skratt.
Fuglane fyk or reiret.
Borte er barneskatt.

Då er det stilt i rommet.
Minne frå tid som var
kviskrar i huset tomme:
«Kom og ver med oss, far!»

«Nei, eg har meir å gjere.
Vent til eg snart får tid.»
Anger er tung å bere.
Dagane er forbi.

Sovande barn, du kjære,
enno er du meg nær.
Enn har eg tid å lære:
Livet er no og her.

Lidvald Stubhaug