Om Kafeen – og litt til

 

Det har vore snakk om at Kafeen i Larsenbygget skal slutte. Slik vert det ikkje. – Måndag 4. januar opnar han igjen, seier Odd Sverre Larsen, som òg deler nokre nyårstankar om sentrumsutviklinga generelt. Foto: Håkon C. Hartvedt

Odd Larsen A/S har sidan januar 2015 stått som ansvarleg eigar av kafeen i 2. etg hos Larsen. Drifta var tenkt som ei prøveordning inntil nye eksterne eigarar var på plass, maksimalt 1 år. Men det har ikkje lukkast å få inn nye ansvarlege krefter for drift og leigeforhold.

– Me vil likevel halde fram ei tid til, og samstundes vurdere andre former for servering i bygget vårt, seier Odd Sverre Larsen til fitjarposten.no, og fortset:

– Det er ikkje lett å få ein kafe i Fitjar sentrum til å gå rundt, men samstundes er dette eit aktivum med tanke på sentrumsutviklinga. Det vert difor jobba iherdig for å finne fram til aktørar som kan vere med på å utfylle tilbodet i sentrum. Ikkje berre for kafédrift, men òg sett i ein større samanheng, for å bidra til å styrke og sikre tenestetilbodet til bygdefolk og reisande inn i ei ny tid, seier Odd Sverre Larsen.

Eit attraktivt sentrum kjem ikkje av seg sjølv

Fitjar sentrum. Foto: Håkon C. Hartvedt

Larsen peikar vidare på at Fitjar sentrum har vore og er eit knutepunkt for ferdsel på sjø og land. Eit bygdesentrum sin funksjon som eit attraktivt, triveleg møtepunkt, kjem ikkje av seg sjølv, det må oppretthaldast og utviklast, både av offentlege og private aktørar.