Braut begge handledda like før jul

Jula vart annleis for Solveig Helland. Like før jul fall ho og fekk brotskadar i begge handledda. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Ho fortel til fitjarposten.no at ho 21. desember var på veg ned ei trapp med noko i hendene då ho fall.

– Eg trudde eg var heilt nede av trappa, men så var eg ikkje det. Det var eitt trinn att. Dermed fall eg framover og heldt nok automatisk hendene framfor meg for å ta imot.
Først vart eg liggjande på golvet, men så klarte eg å buksere meg fram til telefonen slik at eg fekk ringt etter hjelp.

På sjukehuset trudde dei først at det ikkje var noko brot, men då legen sjekka bileta, fann han at det var brotskadar i begge handledda, fortel Solveig.

– I starten var det svært vondt. No går det betre, og eg har fått svært god hjelp. Familien, vener og heimehjelptenesta har verkeleg stått på for meg, seier Solveig som trass i brota har fått med seg fleire familieselskap og, i ettermiddag, julefesten i Øvrebygda bedehus der biletet er teke.