Julefestane i gang

Mange fann vegen til julefest på Øvrebygda skule i ettermiddag. Med det er julefestane i gang. I morgon er det indremisjonen som inviterer til fest i Fitjar Bedehus. Foto: Håkon C. Hartvedt

På programmet i Øvrebygda stod musikkinnslag, andakt, spørjekonkurranse, servering og juletregang.

To av den yngre garde las juleevangeliet, og musikkinnslaget stod systrene Sofie Tislavoll Ingvaldsen og Malene Taranger Litlabø for. Godt assistert av Berit Hovstad på piano og Hans Gunnar Nilssen på bass. Ei fin framføring av «Det lyser i stille grender» og «En stjerne skinner i natt».

Fine songinnslag: F.v. Berit, Hans Gunnar, Malene og Sofie. Foto: Håkon C. Hartvedt

Drøsen gjekk godt rundt borda, og endå meir då Arnt Helland, som leia festen på ein god måte, sette i gang med «spørjekonkurranse». Ordbruken var nok for å markere at ein hadde då quiz i gamle dagar òg. Og dyktig på slikt er folket i Øvrebygda. Ikkje berre ei gruppe, men fleire, hadde alt rett.

Håkon Rydland Sæbø, dottera Elisabet og mora Karen Elisabet diskuterer under spørjekonkurransen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Til slutt samla alle seg til gong rundt juletreet. Heilt «til Harald måtte i floren», som Arnt hadde skrive det på hugselappen sin.