Snart nytt politidistrikt

 

 

Foto: Stockphoto

Frå og med 1. januar 2016 vert talet på politidistrikt redusert frå 27 til 12 som ei følgje av politireforma.  Samstundes tiltrer politimeistrane i dei nye politidistrikta.

Haugaland og Sunnhordland går saman med Rogaland inn i nye Sør-Vest politidistrikt. Noverande politimeister i Rogaland, Hans Vik, tiltrer som politimeister for det nye distriktet.

Ein vil frå nyttår jobbe med å etablere den nye organisasjonen, samstundes som dei to «gamle» distrikta skal driftast som normalt i en interimsperiode. Denne perioden vil i utgangspunktet vare frå seks til 12 månader.

Steinar Langholm får rolla som visepolitimeister i det som i dag er Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Dykkar kontaktpunkt inn i dagens politidistrikt vil være uendra frå 1. januar og ein periode utover i 2016.
I ein overgangsperiode vil òg einskilde brev, rapportar og statistikk frå politiet komme fra dagens distrikt.

Meir informasjon om endringar i dagens kontaktpunkt og rutiner vil bli gjeven i god tid før reforma vert sett i verk.

Om ein vil kan ein lese meir om politireforma på www.politiet.no,
skriv Steinar Langholm i ei pressemelding.