Ny kontrakt i julegåve til FMV

 

Bildet, frå venstre: Frode Møgster, Åsmund Sørfonn (FMV), Ole-Inge Møgster og Geir Møgster etter kontraktssignering 21.desember 2015. Karane står framfor FMV211 «Rubina» som er det første fartøyet av HFMV Vik-klassen, og som vert løfta opp av «Karlsvogna».  

Like før jul har FMV signert endå ein avtale om nybygging av arbeidsbåt. Denne gongen for Ringasund AS.

FMV og Ringasund AS (Kolbeinsvik, Austevoll) har signert design- og byggekontrakt på ein arbeids- og lokasjonsbåt av type HFMV W24 Vik-klassen. Fartøyet har hovuddimensjonar 24 x 12 x 4.9 m LxBxD.

Båten får byggjenr. FMV 219, og vert bygd komplett på Fitjar. Overleveringa skal skje i juli 2016, og båten skal heite «Ringafjord».  

– Dette blir den første leveransen av ein arbeidsbåt frå FMV til Ringasund. Men vi kjenner kvarandre godt, både gjennom servicearbeid på eksisterande arbeidsbåt og gjennom  nybygg og servicearbeid på fiskebåtar. Dette blir den andre båten av HFMV Vik-designet vårt. Den første vart levert til Stava Sjø i november d.å, seier verftsdirektør Hugo Strand i ei pressemelding.

Austevollfirma
Ringasund AS held til i Austevoll, vart etablert i 2011 og er eigd av Møgsterbrørne Frode, Geir, Heine, Inge og Arve i fellesskap. Frode Møgster er dagleg leiar og Styreformann er Geir Møgster. Selskapet eig og driv «Ringasund» som er ein spyle- og ROV båt. FMV219 «Ringafjord» vert ein velutstyrt service- og arbeidsbåt som i hovudsak skal drive med fortøyings- og ROV arbeid. 

Frode Møgster
var gründer og pådrivar for Møgsterfamiliens engasjement innan oppdrett. I 1980 starta dei opp med settefiskproduksjon, og i 1990 fikk selskapet namnet Sjøtroll, som det og heiter i dag. Han var dagleg leiar i mange år i selskapet.  I 2014 hadde selskapet ei omsetnad på ca 1.3 milliardar kroner. Frode har tru på berekraftig produksjon ved bruk av reinsefisk. Då må nøter og utstyr vere reine og det inneber m.a. mykje inspeksjon og spyling.  

 – –

– For FMV og Heimli er det svært gledeleg at vårt Vik design blir vurdert som det beste valet for Ringasund AS. Dette er eit reiarlag som vert eigd og drive av folk som kan både oppdrett og fiskeri, og som har god innsikt i båtar. 

For alle våre arbeidsbåter nyttar vi designmetodikk, prosjektgjennomføringsmodell, kvalitet i material og arbeidsutføring som for større båtar. Dette, samt at vi legg opp til godt samarbeid med reiarlag og utstyrsleverandørar undervegs i både design- og byggjefase, set mange stor pris på. I og med at vi teiknar og byggjer på Fitjar gir det alle våre kundar gode mulegheiter til å følgje byggeprosessen og påvirke eksempelvis arrangement undervegs. 

Næringen er dynamisk og veksande så FMV sin fleksibilitet i gjennomføringa og leveringssikkerheit vert verdsett i marknaden», seier Verftsdirektør Hugo Strand.  

Det er ei stor fjør i hatten til FMV at slike kompetente folk som Frode Møgster & co. vel HFMV design og bygging på FMV. Vi håpar og trur «Ringafjord» skal tene reiarlaget og kundane deira godt, seier Strand, takkar Ringasund AS for tilliten og ser fram til eit godt samarbeid i prosjektet.