Gledeleg julepresang frå Osternes Mannskor

Frå kabareten. Tom Rydland framfører «Førerkort». Foto: FP-arkiv/AV

Osternes Mannskor har hatt stor suksess med sine kabaretar. Så òg med den siste som tok oss Norge rundt. No vil koret framføre denne på ny. Det skjer fredag 29. januar. Ei gledeleg julegåve til dei som enno ikkje har fått sett kabareten.

Så har du ikkje fått med deg kabareten, er det berre å setje av denne datoen. 

Leiar i koret, Karvel Strømme, fortel til fitjarposten.no at to full hus i november og mange gode tilbakemeldingar, er bakgrunn for nyoppsetjinga.

– Me er svært glade for tilbakemeldingane me har fått. Og me vonar at folk som ikkje hadde høve til å få med seg kabareten i november, vil nytte høvet til å få han med seg no. Skulle billettsalet gå særs bra, er med ope for å køyre ei ekstraframsyning laurdag 30. januar, seier han.