Jubilantar og pensjonistar i Fitjar kommune

F.v. ordførar Wenche Tislevoll, Vigdis Brakedal (pensjonist), Ragnhild Midtsæter (pensjonist), Klara Hugøy (25-årsjubilant), Maryann Molvik Eriksen (25-årsjubilant), Marit Ottesen (25-årsjubilant), Inger Marie Gilje (25-årsjubilant), Atle Tornes (bak) (rådmann), Grethe Reksten (pensjonist), Solveig Lie (25-årsjubilant). Gunn Annie Kvernenes var ikkje til stades når biletet blei teke. 

Fitjar kommune ved ordførar Wenche Tislevoll og rådmann Atle Tornes inviterte 9. desember til eit festleg samkome på Fitjar Fjordhotell for  25-årsjubilantar og tilsette som har pensjonert seg i løpet av året i Fitjar kommune.

Ordføraren heldt tale til kvar og ein av medarbeidarane, og takka for lang tid i teneste for Fitjar kommune. 

Jubilantane og dei nye pensjonistane fekk ein plakett med motiv frå Fitjarøyane, laga av Jørund Fjøsne, i gåve.