Julestemning på låven

Skapte julestemning: Bak f.v. Per Egil Larsen, Heine Helland, Hans Kopperstad og Harald Rydland. Framme: Arve Rydland, Silje Rydland og Gurid Refvik. Foto: Håkon C. Hartvedt

«Julestemning på låven» var det reklamert for. Og skikkeleg julestemning, pluss flotte song- og musikkframføringar, vart det i høg grad.

Arve Rydland, Silje Rydland og Gurid Refvik har forlengst etablert seg som nokre av dei beste songarane i bygda. Det har òg musikarane Per Egil Larsen (gitar og el.gitar), Harald Rydland (trekkspel, keyboard og trøorgel), Heine Helland (bass) og Steinar Vik på trommer. Når dei så i tillegg får med seg Hans Kopperstad på fiolin, er det duka for svært spennande framføringar.  Det vart det såvisst òg.

Mange fekk med seg julestemninga på låven i kveld.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Me vart leia frå det eine høgdepunket til det andre, og lett å løfte nokre nummer fram føre dei andre, er det ikkje.

Men  når Gurid Refvik song «Et lys imot mørketida», når Silje Rydland fekk det til å swinge skikkeleg med «Winter Wonderland» og når Arve Rydland song «Nordnorsk julesalme» kledd i islendar  som ein nordnorsk fiskar, sat me og var imponert over kva våre sambygdingar kan få til.

Og det var meir.
Orkesteret var utruleg bra samstemt, både i høve til kvarandre og til songarane.  Per Egil sine gitarsoloar krydra det heile på ein utruleg flott måte,  og Hans sin fiolin og Harald tild tider på trøorgel,  gjorde at lydbiletet vart ekstra spennande. I tillegg makta musikarane instrumenteringa si slik at ho passa som hand i hanske til dei einskilde songane. Kjempebra!

Herleg duett med Silje Rydland og Gurid Refvik.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein heilt spesiell og spennande kveld som ikkje hadde blitt den same  om ikkje Rimbereidfolket hadde stilt låven sin til disposisjon, noko dei skal ha stor takk for.

 

Sigrid Fangel.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Rundt 90 store og små fekk med seg det flotte juleprogrammet som vart dyktig leia av Sigrid Fangel, og gode pengar kom inn til Frelsesarmeen si julegryte.

Svært kjekt var det òg at Fitjar Bygdekvinnelag stilte opp med gløgg og peparkaker.

F.v. Ellen Rydland, Toril Lyngvær, Olav Rimbereid og Lill Ann Drønen.  Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Elin Korneliussen serverer gløgg til Anne Brakedal.  Foto: Håkon C. Hartvedt