Vakkert og stemningsfullt

Marianne Juvik Sæbø og Osternes Mannskor. Foto: Håkon C. Hartvedt

Marianne Juvik Sæbø gav oss endå ein gong ein vakker kveld i Fitjar kyrkje. Godt assistert av Osternes Mannskor og pianisten Terje Kleppe.

I tillegg til julesongklassikarane Stille natt, Midt hjerte alltid vanker,  Jeg synger julekvad – og ikkje minst, O, helga natt – baud programmet vidare på songar som ikkje er fullt så kjende.

Særleg likte me den vesle visa «Borna strekkjer seg på tå» med tekst Haldis Reigstad og melodi av Terje Kleppe. Svært vakker var òg « Midt i hårdest vinter» og særleg «The prayer», med norsk tekst. Her fekk Marianne Juvik Sæbø òg vist delar av sitt operapotensial. Ho har i det heile ei fabelaktig flott stemme som taklar det meste.

Marianne Juvik Sæbø fekk god kontakt med publikum frå første stund. Foto: Håkon C. Hartvedt

Osternes Mannskor framførte mellom anna på spennande vis « Å skjønnest rosa», ein 1400-tals–tekst med svært passande melodi av Iver Kleive, og det Ole Christian Ottestad kalla «Fitjar sin eigen julesong» Det lyser ei stjerne av Lars K. Vik. Ein skikkeleg fin song, vakkert framført av det flotte mannskoret vårt.

Alt i alt ein vakker og stemningsfull stund i kyrkja som rundt 160 personar fekk med seg.

Ved utgangen var det høve til å gje ei gåve til «God jul i øst-aksjonen».

– Eit flott tiltak, spør du oss.

Terje Kleppe som ættar frå Stord er ein pianist som lever seg heilt inn i musikken når han spelar. Til tider låg han så tett innpå tangentane at han forsvann ut av synsfeltet vårt, sjølv om me sat høgt oppe på galleriet.  Foto: Håkon C. Hartvedt