Strålande julespel – endå ein gong

 Josef (Kyrre Thomassen) fortel Maria (Marion Træet) at dei må dra til Betlehem. Foto: Håkon C. Hartvedt

Me har mange gonger tidlegare brukt sterke superlativar etter sjuandeklassingane på Rimbareid skule si framføring av julespelet «En glede for hele folket». Etter vårt syn var framføringa i år den beste nokosinne.

Vismennene Natalie Steien, Knut Eivind Grimen og Tobias Vestbøstad og kamelen (Stig-Arne Stadheim og Leon Burnes). Foto: Håkon C. Hartvedt

Kulissar, koreografi, lyd, lys og sceneutforming var aldeles nydeleg – og truverdig. Det var òg elevane si framføring. Dei var sikkert nervøse, men det såg me ikkje mykje til. Framføringa av replikkane kom naturleg og ekte fram, tradisjonelt og moderne på same tid. 

 

Gjetarane: Anders Bukkøy Langeland, Daniel Prestbø, Ole Cato Tufteland, Siren Vik, Sofie Rimmereid og Live Bukkholm Stegane. Foto: Håkon C. Hartvedt

Englane: Carina Turøy, Karen Grimen, Wiktoria Magdzinska og Mailinn Helland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Likeeins vart me imponert over sceneforståinga dei unge skodespelarane viste, og det var òg ein fryd å oppleve korleis orkesteret spelte saman med «musikken på boks». Ikkje minst imponerte Ole Andre Stokken på el-gitar.

Ole Andre Stokken. Foto: Håkon C. Hartvedt

Var me ikkje i julestemning før framføringa, er me det i alle fall etter dette. Skikkeleg bra! Og det er berre å vone at Rimbareid-elevane fortset denne flotte tradisjonen i mange år framover.

Mykje ros skal sjølvsagt òg gå til lærarane som har hatt regien på det heile. Her har ein teke vare på det beste frå tidlegare spel og utvikla det vidare på ein svært god måte. Humor har dei òg fått inn naturleg inn. Som då vismannen Kaspar (Tobias Vestbøstad) ville ta med seg bleier til det vesle barnet i krybba, før han kom på at han ville ta med seg røykjelse i staden. 

Publikum, som sytte for fullsett gymsal på Rimbareid, reiste seg i ståande appplaus då framsyninga var over.

Me gler oss til neste gong.

1. klasse var med på «Gloria». Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Alle var med på «Gloria» til slutt. Foto: Håkon C. Hartvedt