Tommy Fredriksen i Østfold Energi orienterte årsmøtet til Fitjar Kraftlag om situasjonen for Midtfjellet Vindkraft. Foto: Kjetil Rydland.

Investeringsselskap inn i Midtfjellet Vindkraft

Fitjar Kraftlag orienterte på ekstraordinært årsmøte onsdag kveld om den økonomiske stoda for Midtfjellet Vindkraft AS, og korleis dei noverande eigarane stiller seg til å bli med vidare, saman med ein ny investor.

Bakgrunnen for det ekstraordinære årsmøtet er at marknaden for kraft og elsertifikat har vore svært negativ sidan vindmølleparken i Midtfjellet blei bygd. Inntektene har blitt mindre enn venta, og Midtfjellet må refinansiera bankgjelda. Dette er planlagt gjennom ein eigenkapitalemisjon på 300 millionar kroner.

Styremedlem i Midtfjellet Vindkraft, Tommy Fredriksen frå Østfold Energi, var invitert for å informera det ekstraordinære årsmøtet om situasjonen. Han fortalte at ein internasjonal investor har sagt seg interessert i å gå inn med kapital. Østfold Energi og Vardar blir med vidare, medan Energiselskapet Buskerud vil vurdera å selja sine aksjar i Midtfjellet Vindkraft i samband med transaksjonen. Fredriksen ønskte at Fitjar Kraftlag blir med, då det er gunstig med ein lokal eigar. Han reknar med at vidare deltaking vil gi Fitjar Kraftlag representasjon i styret for Midtfjellet Vindkraft også i framtida. Han la ikkje skjul på at dette er som å selja høns i regnvêr, men i verste fall er alternativet at Swedbank tar over heile anlegget.

Elverkssjef Håvard Singelstad i Fitjar Kraftlag orienterte om korleis selskapet hans stiller seg til å delta i emisjonen i Midtfjellet Vindkraft AS. På styremøte har Fitjar Kraftlag gått inn for å gå inn med 17 millionar kroner i emisjonen, mot ein framtidig eigardel under 5 %. Dei ser det ikkje som mogeleg å halda oppe ein eigardel som no, på 33 %. Men Fitjar Kraftlag vil med den planlagde eigardelen framleis vera sikra lokal representasjon i styret for vindparken i Midtfjellet.   
  
Kraftlagsstyret måtte tola fleire kritiske merknader frå årsmøtet, men går vidare med planane. Årsmøtet tok orienteringa til etterretning.

Sakspapira frå det ekstraordinære årsmøtet kan du lesa på heimesidene til Fitjar Kraftlag.