Ny oppmoding om flyktningar

Harald Rydland. Foto: Harald Johan Sandvik

Kommunen har fått oppmoding om å ta imot fleire flyktningar.

Kommunen fekk brev frå fylkesmannen 20. november, der det vert bede om at Fitjar tar imot 25 flyktningar i 2016 der minst 7 er einslege mindreårige (emf), og 29 i 2017, der 11 er emf. Tidlegare har kommunen vedteke å busetja berre familiar, og i novembermøtet var det vedteke å busetja inntil 15 flyktningar i 2016 og 10 kvart  av åra 2017, 18 og 19. Auke etter fylkesmannen sitt ynskje vil verta 10 i 2016, og 19 i 2017.

Administrasjonen har laga ei grundig utgreiing på saka, og Utval for oppvekst og omsorg handsama saka 9. desember. 

I debatten synte Harald Rydland, KrF, til at han røysta for eit anna framlegg i utvalet 9. desember. Han ynskte at Fitjar også skulle ta imot 4 – 6 einslege mindreårige i 2016/ 2017og etablera eit bufellesskap for dei. Eit nei til denne gruppa er eit dårleg signal frå kommunestyret. Utvalsleiar Grete Marit Veka Maraas var ikkje samd. Ho kunne ikkje sjå at kommunen har apparat til å ta imot einslege mindreårige – dei treng alt, også bustad. Det har me ikkje i dag.  

Etter debatten gjorde Kommunestyret i dag følgjande vedtak, mot 6 røyster:

«Kommunestyret vedtek busetjing av flyktningar i 2016 som følgjer: Kommunen kan busetja 3 – 4 familiar – 16 flyktningar. Manglande erfaring, økonomi og små ressursar gjer at Fitjar kommune ikkje kan busetja einslege mindreårige. Dette vil krevja at ein må byggja opp eit heilt eige apparat. Kommunestyret opprettheld vedtaket om å busetja 10 flyktningar i 2017, og ein held fram med å busetja familiar innanfor denne ramma. Når ein får hausta erfaring med busetjing av flyktningar kan ein opna for å vurdera å busetja fleire.»